Kammerpoetane

Menneske, musikk, poesi

Vennesla, 28. oktober 2013 – Ordtonar. Poesikonsert i Vennesla frikyrkje

Vennesla2 (1 of 1)

Medverkande: Liv Reidun Hansen, Øyvind Rangøy, Oddbjørn Aardalen, Knut Olav Daasvatn og Simen Kjærsdalen

Les meir: http://bit.ly/RJnPeW

***************

Å vera kammerpoet. Starta ut med eit laust samansett lag av poetar med ville idéar, og sjå om vi kan finne veg. Målet? Alle har vi hjarte for at poesien skal nå ut, verta noko meir enn berre ord frå ein datamaskin, eller hender som held ei bok. Vi vil formidla, nå fram, røra ved hjarta, vett og forstand til medmenneske som enno ikkje har sett at poesi er ei kjelde til å koma nærare noko viktig.

Fleire av oss har også musikk djupt nedlagt i oss, og behovet for å formidla i klang etter klang, med tonar som lyfter og løyser. Somme av oss hadde møtt kvarandre på Averøya i fjor, og delt ei fabelaktig oppleving. Men nå, for fyrste gong, og det er stort, skulle vi delta under kulturveka i Vennesla. Under overskrifta Ordtonar.

Vi var på veg. Tre av oss starta her i Haugesund. Halvkammerpoeten Ole, som tek på seg å køyre andre sine svarte bilar i staden for å lesa dikt. Gitaristen Knut Olav, som skulle debutere som musikar på scena. Og eg, som har gøymd alle desse songane i meg på kistebotnen alt for lenge.  Vi hadde øva ein gong før, det var medan sommaren var på hell, og forskjell i takt og tone var formidabel den gongen. Men no! Gode Knut Olav hadde spora seg inn på mitt tempo, fanga min rytme.

Å vera under vegs til Vennesla. Over alle heiane på Sørlandet. Å enda på Kvareheia, endeleg veta kor vi var. Kor Oddbjørn hentar dikta sine frå.
Å vandra inn i stovene hans. Strekkja armane mot Øyvind for fyrste gong. Sjå att gode Simen, organisatoren vår. Han som skaper slike gode rammer omkring ting, og klarer å balansere planer slik at dei kan ramla ut i livet og bli til.

Å bli tekne vel i mot. Folk som kom. Gode poetar frå diktkammeret som hadde funne vegen dit. Slektningar. Framandfolk. Folk med opne hjarte, som lot seg berøra.

Fire poetar som las. Øyvind, Knut Olav, verten Oddbjørn og eg. I salen ei lydhør forsamling, nærmare seksti stykk. Å få lov å avslutta med å synga songen min. Melodien laga eg dagen etter at mannen min døydde. Knut Olav spelte slik han er etla til . Vakkert og nær det eg ønskja å formidla med stemma mi.

Eg såg kvinner gråta medan eg las. Og ein bevega publisert poet kom ned til meg etter at alt var over- og takka for songen min. Eg som trudde han var ein ungdom på ville vegar, og så hadde han faktisk kome fordi han ville lytta til oss. Simens toner på sopran- og tenor-mandolin pakka dikta vi andre las vent inn. Eg kunne kjenna att noko av dette vakre som han har komponert, og som eg har fått høyre før.

Etterpå. Gleda som sprett ut som støvkorn over alt der ein vender seg. Vi er på veg.

Neste gong skal vi prøva å laga det slik til at det blir lett for våre kjære medpoetar Cecilie og Kjell Ivar å bli med. Trass alt skal dei publiserast begge to i 2014! Og det er vi også stolte av.  Og eg skal kome til å synga, mjukt og sterkt!

Eg er viss på at vi skal få meire å gle oss over. Og at vi skal få lov til å gle andre. Trass alt er vi kammerpoetar, slike som tek nye skritt med vågemot og tillit. Og mellom oss veks noko fram, slikt som legg seg som silikon mellom flisene: Samhald, vennskap, og poesi på nye vegar!

 

Liv Reidun Hansen

1 Comment

  1. oddbjørn aardalen

    9. november 2013 at 22:35

    Gode ord, Liv Reidun. Om ein minnerik kveld. Dette gav meirsmak! Takk til dykk gode kammerpoetkolleger som tok den lange vegen frå dykkar verd til Vennesla.

Comments are closed.

© 2017 Kammerpoetane

Theme by Anders NorenUp ↑