lrh (1 of 1)

Liv Reidun (f. 68) har skrive dikt sidan barneskulen, og lenge før det laga ho musikk. Innimellom jobbar ho som overlege.

Ho lanserte debutplata si i oktober 2015, der ho samarbeidde med fabelaktige musikkfolk frå Haugalandet.

Ho spring til skogs og er naiv nok til å tru på at nåde funker! Etter å ha blitt enke i 2012 har ho skrive seg fri & sunge seg heil.

I 2011 vann ho Haugesunds avis si diktkonkurranse.

I 2014 gav ho ut ein singel til minne om han ho mista.

I mai 2015 kom singelen «Draum og vind«:

I oktober 2015 slapp ho albumet «Elvemuslingen»:

:

*

Eg følgjer stien
til der du er

morknande
i ein ny vinter

*

 Dei nye venene i skogen

kyssar meg på kinnet
eg spring meg full av mot og musikk

plukkar småstein og trompetistar
lærer å like Cohen

våger
å henge
i eit dikt

*

Inntil grava di

vil fortelja deg at far din
er død
spørja deg kor langt
eg skal strekkja meg

eg anar ikkje
om det finns retning for slikt

kompassroser, vegmålarar
krossoverlister