Oddbjørn (1 of 1)Diktet blei til som regnet blir til.  Eller skyene.  På eit vis er det ikkje lett å forklare.  Det berre var der.  Plutseleg.  Slik dei fleste dikta mine kjem, som ein soloppgang, som eit vennleg smil frå eit barnebarn, som ein vind frå sør.

Dette svarer Oddbjørn Aardalen når Maria Børja i Dagbladets Diktkammerjury spør korleis vinnardiktet i desember 2012 blei til. Oddbjørn blei Månadens poet, og det er fjerde gongen han smykker seg med denne heideren. Diktet er slik:


Landbruksmelding

Bondens fire døtre
blir slått med ljå
to gonger i året

Feiarens fem søner
blir sleppte på beite
i mai

Landbrukspolitikken
er ikkje skapt
slik du trur

men Gud er bekymra
for biene

 

Oddbjørn Aardalen er født i Vennesla i 1944. Han vaks opp på garden Skjervedal der det var tradisjonell landbruksdrift med mjølkekyr og skog. Garden ligg einbølt, det var over ein kilometer til næraste nabo. Det var magert, det var sparsommeleg, det var hender og ryggar og helse som skulle til for å gje eit rimeleg livsgrunnlag. Men gauken gol vakkert i Ekredalen i mai, og mor sine arbeidshender var mjuke når dei strauk over håret til ein liten kvithåra tass som skulle gå til kulturbeitet og ha med seg kyrne heim til kvelds.

Vegen var landbruk, vegen var omsorg og omtanke for distrikta, vegen var varda med fantasi, med gåter, med undring over dette ein kallar livet. Over vegen stod eit skilt: Mennesket er menneskets glede.

Mor skreiv dagbok, og unge Oddbjørn var tidleg lesande og skrivande. Han las då han var fire og dagbøkene frå 1953 og fram til denne tid stend og skin svart i hylla på loftsgangen i det 200 år gamle innhuset på garden der han og Kari bur. Kari, som har vore hans gode fylgje i 40 år.

Eit skrivande menneske. Spør du Oddbjørn om eitkvart, svarer han gjerne med eit dikt. På sine eldre dagar har skrivekløen tiltatt, ikkje minst etter at han oppdaga Dagbladets Diktkammer i 2003. Sidan denne hausten har han nær sagt vore der inne døgnet rundt. Spør du han, svarer han: DK er staden. Og han tek gjerne med nokre ord om den fenomenale diktlæreren, Helge Torvund, som har slått ned stengsler og opna rom for Oddbjørn, så han mest får tårer i augo når han tenkjer på det. Takk, takk, gode Helge. Og takk til dykk alle, gode medpoetar på Diktkammeret, som sprer så mykje glede og lys at det mest er sommar heile året.

Det har blitt seks diktbøker: ”Grønn resept” (2005), ”Å sjå med hjarta” (2006), ”Tryms verd” (2009), ”Rundetid” (2012), Seljefløyteprinsippet (2014) og Bever (2016). Dei fire første er utgjeve på Setesdalsforlaget, eit lite Forlag i Valle i Setesdal, medan Seljefløyteprinsippet og Bever er utgjeve på Alm media som held til i Oslo. Han har nok prøvd seg på større forlag, men fått dei naudsynte refusjonane. Og han tenkjer: Kvifor vere stor, når ein er lukkeleg som den ein er.

I perioden 2012-15 har Oddbjørn hatt dikt i Fædrelandsvennens laurdagsmagasin «God Helg» (siste nummer kvar månad) i samband med naturbileteserien «Glimt frå Agdernaturen» av naturfotograf Jan Thomassen og sidan 2013 har han vore representert med dikt i «Jol i Setesdal» .

Oddbjørn fekk Vennesla kommune sitt Kulturkrus i 2007 for poesien sin.  Han har og hevda seg godt i den internasjonale haikukonkurransen Shiki Monthly Kukai.  I november 2013 fekk han ein andreplass med denne haikuen:

night snow
the white sound
of silence

og i juli 2015 delt andreplass med denne:

tropical night
the wet smell
of lonelieness.

Oddbjørn har fått fleire dikt tonesett, og det er blitt framføringar mange stader i landet. Han gler seg som eit barn og tenkjer at det er storvegs at poesien som han sjølv har skrive kan nå ut til folk på dette viset.

Helge Torvund skreiv, for juryen, i samband med begrunning for valet av Månadens poet i desember 2012:

”Norsk kultur!

Under ein svært så nøktern tittel, og med ein tone som om alt som her vart sagt er sjølvsagt og klart, kastar diktet oss ut i eit grotesk og surrealistisk univers der lesaren sjølv må finne vegen. Kva er dette? Og korleis er eigentleg landbrukspolitikken skapt, då? Avslutningsvis får me eit bilete av ein bekymra Gud som ikkje får summetonen.

Her skal ikkje gjevast noko oppskrift av dette, men jurymedlemmene er fascinerte over denne demonstrasjonen av kva eit kort dikt kan få til med medviten bruk av verkemidla.

Og me kjenner trong til å nemna at denne poeten, som har vore månadens poet før, og som er inne i ein svært aktiv periode, stadig oftare skapar dikt som får Diktkammerdeltakar og Diktlærar til å sperre augo ppp. Ein friare og meir leikande stil kombinert med eit jordnært alvor skapar ein flora av lyrikk der menneska sin kvardag og gitte vilkår spelar på lag med fantasien og kjensla av dette store me er ein del av. Slik god kunst kan. Her er ”småfuglstipend”, ”Norsk bonde- og svarttrostlag” og ”septembers bestemorfang” i eit univers der lesaren sit att med gleda over å vere tilstade medan poeten møter kvinner og minne. Og der han er både trygg, jordnær, overraskande og sjølvironisk. Gode dikt følgjer gode dikt og nokre av dei skin av undringas perlemor. Dette er i alle fall norsk kultur, tenkjer ein. At denne diktaren i tillegg stadig støttar opp om, bryr om og oppmuntrar andre skrivande, og gler seg over deira framgang, er ei anna sak.”

Ute er det mai. Det regner, det er kaldt, men fuglesongen høyrast som trassige vers mot den grå himmelkvelven. Det er blitt ørlite grønare i natt. Gud har igjen signert vårens protokoll.