oyvindØyvind Rangøy (f. 1979) var to år gammal då siste turen med trålaren Rangøy vart hans første minne og fiskeriet ei evig kjelde til nostalgi og mytedanning. Tjue år seinare var han gift estisk og emigrert til Estland for å studere det lokale språket, og i 2005 vart han månadens poet i Dagbladet med eit dikt om å sløye laks. I dag er han busett i to land, estiskfilolog, master i nynorsk skriftkultur, omsetjar, statsautorisert translatør frå estisk til norsk, kvalitetsleiar ved ei norsk fiskebedrift, konsulent, datalingvist og kulturelt amfibium. Han har laga søkesystemet til Diktkammeret og har hatt fleire dikt i månadsfinalen, er representert i Å våga seg ut i ord, og har gjendiktingar i mellom anna Verden finnes ikke på kartet. Skrivinga lever i eit stort spenn frå aforismar og til tider surrealistisk språkleik via ei utforsking av arv, tradisjonar og livsverd til djup eksistensiell undring kring filosofiske og religiøse problemstillingar.

Eigne dikt:

Sløying

gatthol buken beint fin laks
gatthol beint fram til hovud
hand rundt innmat kniven inn
og sprette opp

radioen snakkar snilt god bok
radioen snilt fram til pausen
snakk om bjørnson samar bjørk
og sprette knopp

gatthol buken beint fin laks
gatthol beint fram til hovud
hand rundt innmat kniven inn
og sprette opp

 

Empiri

Det finst eit lys i huset
som minner meg om å stå opp
og feie skyene av himmelen.

Eg har ikkje døydd før. Difor
har eg empiri
for at eg aldri skal gjere det.

No er byrjinga nær. Suset
i dei store furene fortel
at det kjem gode dagar.

 

Draumen

Å byggje lune hus
med store kvelv
av steinar hogne
frå sprokne troll

 

Innfjordstunnelen

Langs livlina mellom Sunnmøre og verda
der ei fonn, ein bil og eit liv spende ein streng,
skar han inn fjellet frå Innfjorden til Åndalsnes,
dundrar ein polsk trailer på for å halde tida

med femten tonn ferskfisk til Frankrike, enser
ikkje varden langs setervegen fem hundre
meter over kaffikoppen som kvar vår fekk folk
til å korse seg for å drive ut huldra —

korsa dei seg ikkje året fonna sette kurs mot
seterbuene som speciedaleren mot krona
og dampbåten for seint mot Molde
til å berge ei setertaus,

så korsa dei seg året Berlinmuren fall og fonna
tok ein bil som gjekk for seint frå Åndalsnes
til å berge ei anna.

Ved vadet rett nedom osen kryssar ei aurehoe
planlaust europavegen, ein gong oppboren med
mannemakt fløymer ho mot fritt fall
i fossen, og kjem aldri oppatt for å gyte.

 

Suzuki FZ 50
Ein steingard over ei øy —
minnesmerket over to land,
to svunne rike i ei ein straum,

klukkande, remjande, frå
piplande kjelder og glitrande
dropar på mose, til fossefall,

av fedrar, mødrer og kloke
tankar, dumskap, råskap, drap
og nåde, røter som aldri

to gonger drakk same vatn,
blad som aldri to gonger såg
same solskin, og gjennom

ei opning i steingarden, køyrer
ein liten automatgira moped
over ei gammal grense.

 

Lysbilete

Støvet i lyskjegla
Stjernene på himmelen
snakka same språk

klikketiklokk

Bestefar i høyonna
Han og Adam var jamaldringar
Eva kom flyttande

klikketiklokk

Grønskimmer frå rorhusvindauge
Så djupt og fullt av anna
enn seg sjølv

klikketiklokk

Lugar med barneseng
Den siste reisa for ein båt
den første for meg

klikketiklokk

Kjerubar med logande sverd
Vaktar inngangen
men slurvar med bakdøra

klikketiklokk

Lyset biletlaust
Den gnagande redsla for at pæra
ikkje lagast meir

 

Heim

I alt ditt jag etter tankeharar,
dette eine, i alt ditt jag gjennom
svarte hol, mot hendingshorisontar,

der sjellaus eld et lufta or allheims
rom, med hovudet i holet
lyset brende i biletet du stoppa

og studerte, ut i inkje, i ørska,
over straumar av isvatn i mørkret
og kvasse steinar du trør for å kjenne

blodet i deg; i alt, dette eine,
å vakne til ein bekkeklukk
du har høyrt før.

 

Gjendikting frå estisk

Friedrich Reinhold Kreutzwald
Kalevipoeg — opningssong

Lån meg kantelen din, Vanemuine!
Fagre soger syng i hugen,
Om ein arv frå forne slekter
Saknar eg å syngja songen.
Vakn no opp, grå og forne røyster!
Leid meg fram dei løynde logar,
Kved no frægt frå fine tider
Det vene i vakrare dagar.
Kom så du, songmeisterens dotter
Kom frå Endla-sjøens strender
Longo i sylvskimrande spegel
pla du silkehåret stryka.
Lat oss seia sanning, gamle skuggar!
Syna dei svunne andleta,
menn med mot og kloke koner,
sjå slik vandra Kalevsslekta!
Lat oss ljuvt flyga til sudlanda,
Så to steg på nordastig,
Der dei levde ljost i lyngen,
Blomeblad frå framand åker.
Det eg sjølv plukka heim i garden
Var først pløygd i fjerne lende,
Det som vinden ville visa,
Bølgjer bera bjarte bod om.
Det som eg lenge bar i bringa
Løynde lageleg om livet.
Det eg høgt på ørnereira
ruga tru frå forne tider:
Det skal eg steva i sogesongen,
Framføra for framandt øyre;
Frendfolk frægt frå våren venast,
Kviler tagalt under torva,
Der den muntraste manesongen,
Vemodige vakre versa,
Lengten hengjande i hugen,
Dumpt vil møta døve øyro;
Einsam som fuglen syng eg i frygda,
Gjel i einsam gråt som gauken
Målber einsam linne lengten,
Til eg visnar veik i enga.

Frå Estlands nasjonalepos Kalevipoeg

 

Marie Under
Kyss

Din munn i min,
din hug, min lekam
din munn i min,
i same band mognar kornet fram.

Din munn i min,
din nervetråd i mitt nerveband,
din munn i min
ditt hjarte fest i mitt hjarteband.

Kor endar så du?
Kor byrjar eg, tru?
Kven skilde vel hav og sjø til to?
Din blodlekam ifrå mitt blod?
To logande fliser frå same eld.

Kven løfta oss høgt over alle fjell?
Som alt er høgt og stort og breitt!
Der nede kverv tida, ho flyt sin veg:
din munn og våre hender er eitt,
og æva skjuler meg og deg.

Kor byrjar dagen?
Kor endar natta?
Når eg held anden, ser og ser:
at det eg lever på er – Lukke.

Ny tilvere i underskin:
vi trør ikkje lenger jorda vi kjende,
kan ikkje snu, ingen veg attende.

Din munn i min
di sjel, min kropp –
vi sviv i skyming opp.


Rõõm ühest ilusast päevast (1928. Luuletusi 1923–1927)
Gjendikta av Øyvind Rangøy.