Menneske, musikk, poesi

Måned: mai 2013 (Side 1 av 2)

Klisjépoeten

Ein klisjé.

Det starta slik. No for tida har eg det bra, og det skreiv eg eit slags dikt om i går. Det skulle berre mangla, trass alt er det poet eg er. Sjuk sådan. Difor i stand til å bruke tid på meir eller mindre lydmalande ordbilete. Les videre

Og neida

Eg har ikkje tenkt å sitja her inne under ei dyne og sjå på vinden som leikar med grønlett lauv.

Og joda.

Det finns dagar for det eine og det andre. Det finns dagar kor ein skal styrta ut i hagen, gripa ei bøtte, ein spade og litt overmot. Les videre

Er du redd?

Det er eit av desse spørsmåla som somme tider ramlar ned i nevane på ein kammerpoet ein dag i mai.

Redd for kva? Redd for kva ord kan gjera med oss menneske? Redd for korleis ord kan endra livet ditt, til noko verre eller til noko betre?  Les videre

Fyrste vengjeslag

Det er strengt teke slik det er somme tider. Eg opnar kjeften for mykje, eller skriv for hardt til folk eg ikkje kjenner. Gjerne om kor god eg er, kor flink og kompetent eg er.

Og så sit eg der, med skjegget i postkassa. Eg har lura meg sjølv nok ein gong og vorten ansvarleg. Les videre

Kva vil det seia å ha ein heim?

Er ikkje det ein stad ein kan kjenna at ein høyrer til, at ein får vera akseptert nett slik ein er? Dette reisverket som skal gje rammer for å utvikla seg, læra, somme tider trø feil.

Slik er det også for oss kammerpoetar. Vi er undervegs. Nokre av oss har skrive frå vi var førskuleungar, andre tok opp poesipennen etter femtiårskrisa som aldri kom. Alle fann vi Dagbladets diktkammer. Der har vi opplevd å utvikla oss som poetar, vi lærer, vi feiler, vi ler av oss sjølv og kvarandre. Vi deler ord og veks oss sterkare. Les videre

« Eldre innlegg

© 2022 Kammerpoetane

Tema av Anders NorénOpp ↑