Menneske, musikk, poesi

?>

Agnus Dei

Eg ber skulda på herdene
slaktarknivane i holdet
vart utvald til å døy
bli eten, liggja nyfødd
i fanget til apegudinna

Dei hårlause herskarane
nyttar ulla mi til klede
Dei hudlause herskarane
nyttar skinnet mitt til skor
Når dei bed til han dei nagla opp
ropar dei namnet mitt

Dei fortærar som termittar
men du ser dei aldri skite
Dei kan visst døy, nokre
men lika gjødslar aldri jorda
Dei myldrar i milliardar
men når ser du dei para seg?

Gifta si spreier dei over markene
i vatnet, med vindane, over fjella
Vargen slo dei i hel, løva slo dei i hel
sjølv kvalen i havdjupet slo dei i hel
Dei er herskarapene, eg vil døy med dei
eg er komen for å døy med dei

 

Simen Kjærsdalen

 
 

2 kommentarer

  1. Liv Reidun Hansen

    Guds lam.
    Eit dikt der du på eit underleg vis både vekkjer uro og ærefrykt.
    Dette lammet som ber syndene våre, som ofrar seg for oss menneske. Når skal vi finne den gode vegen?
    Diktet ditt er svært klangfullt og velkomponert. Du utfordrar denne lesaren lett med å bruke ord som apedronninga, termittar, gift i ein samanheng der Guds Lam og hans offer er sentralt. Men eg anar koplingane, djupnene i dette diktet, og tykkjer det sit i med ein etterklang, eit kven er Han som ofrar seg, og kven er vi menneske no?

  2. oddbjørn aardalen

    Sterkt dikt med religiøse overtoner. Ei uro set seg i kroppen, blir verande der. Eg må attende til diktet, ei gong, fleire gonger. Var det det det stod? Ja, det var det.

    Slik kan god poesi fungere.

© 2022 Kammerpoetane

Tema av Anders NorénOpp ↑