Menneske, musikk, poesi

I desse orda

At vi skulle møtast her i desse orda, vere song
og gjere lindring, opne for eit sår og tre fjører,
sjå himmelen sakte bli fødd.

Her i desse orda skal vi stå, vere små, ha føter
av tåre og gjerning og eld. Det kjem ein ny morgon,
og ingen er frikjend for kveld.

 

Øyvind Rangøy

 

 

2 kommentarer

  1. Liv Reidun Hansen

    At vi skulle møtast her…

    På ein måte tykkjer eg det er noko heilagt over dette diktet. Noko som rørar meg djupt. Slik kan desse møta mellom oss menneske vera. Ord som opnar og gjev lindring. Og desse fabelaktige tre fjørene midt inne i diktet ditt.
    Eit dikt som gjev ro, og som kan lesast igjen og igjen. Med stor glede.

  2. Simen Kjærsdalen

    «At vi skulle møtast her i desse orda.» Ord skaper ofte avstand, står som murer mellom mennesker, ligger som skyttergraver. Men ord kan også skape stille rom der vi kan møtes.

© 2022 Kammerpoetane

Tema av Anders NorénOpp ↑