{"id":564,"date":"2013-05-22T22:41:45","date_gmt":"2013-05-22T20:41:45","guid":{"rendered":"http:\/\/kammerpoetane.com\/?p=564"},"modified":"2016-02-13T12:03:52","modified_gmt":"2016-02-13T11:03:52","slug":"er-du-redd","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kammerpoetane.com\/?p=564","title":{"rendered":"Er du redd?"},"content":{"rendered":"<div class=\"fcbkbttn_buttons_block\" id=\"fcbkbttn_left\"><div class=\"fcbkbttn_button\">\n                            <a href=\"https:\/\/www.facebook.com\/\" target=\"_blank\">\n                                <img src=\"https:\/\/kammerpoetane.com\/wp-content\/plugins\/facebook-button-plugin\/images\/standard-facebook-ico.png\" alt=\"Fb-Button\" \/>\n                            <\/a>\n                        <\/div><div class=\"fcbkbttn_like \"><fb:like href=\"https:\/\/kammerpoetane.com\/?p=564\" action=\"like\" colorscheme=\"light\" layout=\"standard\"  width=\"225px\" size=\"small\"><\/fb:like><\/div><\/div><p>Det er eit av desse sp\u00f8rsm\u00e5la som somme tider ramlar ned i nevane p\u00e5 ein kammerpoet ein dag i mai.<\/p>\n<p>Redd for kva? Redd for kva ord kan gjera med oss menneske? Redd for korleis ord kan endra livet ditt, til noko verre eller til noko betre?\u00a0<!--more-->Det er skummelt \u00e5 sei noko om kva ein vil her i verda. V\u00e5ga \u00e5 setja ord p\u00e5 leik og lengt.\u00a0V\u00e5ga \u00e5 ha ei tru, med svarte render under neglane. V\u00e5ga \u00e5 ropa himmelh\u00f8gt og mumla n\u00e5r dagane g\u00e5r i bakken.<\/p>\n<p>Somme tider er det ikkje vits \u00e5 vera redd, men sei i fr\u00e5 m\u00e5 ein likevel. Det hender eg ventar litt lenge med slikt.<\/p>\n<p>Her om dagen blei eg valdsamt sjuk. Redd var eg ikkje, sj\u00f8lv om ungane mine gjekk og mumla i krokane om at no kom ogs\u00e5 mor deira til \u00e5 d\u00f8y.\u00a0Sidan dei var redde, tok eg til slutt telefonen i hende og ringde ein eller annan doktor.\u00a0Vips l\u00e5g eg i sjukesenga.<\/p>\n<p>Neste morgon, d\u00e5 eg vakna. Var eg redd d\u00e5? Eigentleg ikkje. Eg \u00e5t ein god frukost og drakk eit glas eplejuice. Flira over utsletta som starta p\u00e5 t\u00e6rne og spredde seg i valdsam fart over kroppen min. D\u00e5 det byrja \u00e5 kl\u00f8 i halsen trakk eg i denne ringesnora som alle sjukehuspasientar kan gle seg over.\u00a0Etter ei tid som kjendes kort, kom ein ung overlege og ei erfaren sjukepleiar raslande.\u00a0Visittid.\u00a0 Eg fekk meg til \u00e5 sei i fr\u00e5 om at eg nok kjende meg litt uggen og klam i pusten.<\/p>\n<p>D\u00e5 prikkane kom for fullt i andletet mitt, kunne eg sikkert ha spurd legen om ho var redd. Berre bittelitt kanskje, men ho s\u00e5g s\u00e5nn ut. Men dei magiske orda kunne ho. Adrenalin. Og br\u00e5tt var livet mitt mykje betre, etter denne vonde spr\u00f8yta i l\u00e5ret mitt.\u00a0Eg ser\u00a0 ikkje bort fr\u00e5 at desse to og dei to andre legane som kom til like etterp\u00e5\u00a0 redda livet mitt.<\/p>\n<p>Eg rakk aldri \u00e5 bli redd. Det var tid for ei lita b\u00f8n til Gud.<\/p>\n<p>Dei andre sv\u00e6rt praktiske tankane mine i ei slik stund var at visst eg d\u00f8ydde d\u00e5, ville han som var oppf\u00f8rt som n\u00e6raste p\u00e5r\u00f8rande ikkje vore s\u00e5 lett \u00e5 f\u00e5 tak i. Mannen min d\u00f8ydde etter ei bilulukke for fjortan m\u00e5nadar sidan.<\/p>\n<p>Den andre tanken eg rakk var at dersom eg hadde d\u00f8ydd, ville eg at han eg nyleg traff ogs\u00e5 skulle reknast med som ein av mine. Sj\u00f8lv om eg d\u00e5 hadde vore d\u00f8d.<\/p>\n<p>Poenget er: At det hjelper oss sjeldan \u00e5 vera redde. Livet finns. D\u00f8den finns. Kj\u00e6rleiken finns. Orda vi deler kan s\u00e5re, styrke, forl\u00f8yse.\u00a0Eg er ikkje redd for \u00e5 elska, eg er ikkje redd for \u00e5 mista, eg er ikkje redd for \u00e5 leva.<\/p>\n<p>Og joda. Somme tider sniker det seg inn ein liten redsel hos meg. Og veit du kva, det er ogs\u00e5 all right.<\/p>\n<p>\u00c5 vera redd er ein del av det \u00e5 vera menneske. I det ein kjenner angsten i kroppen, kan ein l\u00e6ra noko viktig om seg sj\u00f8lv og eigne reaksjonar.\u00a0 Ein kan rett og slett bli litt rikare!<\/p>\n<p>Kroppen har ogs\u00e5 noko den vil sei deg i dag.\u00a0Om \u00e5 vera redd, kan hende. Om \u00e5 v\u00e5ga \u00e5 leva dei orda ein \u00f8nskjer.<\/p>\n<p>Og forresten, godt at ungane mine var redde for meg. Slik at eg tok den telefonen. Sa dei orda. Fekk den hjelpa eg trong, slik at eg kan liggja her p\u00e5 sofaen, og nok ein gong sm\u00f8ra svartkvite bokstavar utover internett. Berre fordi eg v\u00e5gar. Berre fordi eg lever.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><em>Liv Reidun H Hansen<\/em><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det er eit av desse sp\u00f8rsm\u00e5la som somme tider ramlar ned i nevane p\u00e5 ein kammerpoet ein dag i mai. Redd for kva? Redd for kva ord kan gjera med oss menneske? Redd for korleis ord kan endra livet ditt, til noko verre eller til noko betre?\u00a0<\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":375,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":[],"categories":[1],"tags":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kammerpoetane.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/564"}],"collection":[{"href":"https:\/\/kammerpoetane.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kammerpoetane.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kammerpoetane.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kammerpoetane.com\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=564"}],"version-history":[{"count":10,"href":"https:\/\/kammerpoetane.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/564\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":2468,"href":"https:\/\/kammerpoetane.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/564\/revisions\/2468"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kammerpoetane.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/375"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kammerpoetane.com\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=564"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kammerpoetane.com\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=564"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kammerpoetane.com\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=564"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}