kammerpoetane_bigVi som held til på denne sida, er ei samling poetar frå ulike stader i landet. På eitt eller anna tidspunkt fann vi kvarandre gjennom og i poesien. Gruppe har vakse litt etterkvart, og gjer det kan hende igjen – vi har ikkje noko endeleg mål på kven eller kor mange vi skal vere.

Vi har ulike stemmer, lever ulike liv, men alle deler vi gleda over ord. Ord kan røra, skape nye tankar, bera oss framover. Mange menneske opplever at poesi er med på å knyta ein fast til det viktige livet. Anten det er barnelatter eller brådjup sorg, svik eller lengt. Poesi rommar mykje, og vi poetar er heldige menneske. Heldige av di vi ser det store i det små. Vi grip augneblinken, foredlar, prøver å skapa noko som kan gje gjenklang i andre. Og i dialogen mellom oss, når vi poetar møtes over eit dikt eller fleire, veks nye landskap fram, og vi vert alle rikare. Litt rausare kan hende, litt klokare. Og innimellom skriver vi tull og vas, eller trekkjer fram ein melodi, og speler slikt som kjem frå djupnene i oss.

Ein kunstnarleg prosess har sine ulike fasar. Det er ei tid for å gøyme seg bort med orda sine, ei tid for å syne dei til sine næraste venner, og det er ei tid for å gå ut i verda med dei. Det er slik vi blømer. Vi som held til her er alle komne til den fasa der vi ønskjer oss ut i verda, å nå fram til andre. Å nå fram gjennom ei nettside kan vera fint, men endå betre er det å møte dykk ute, kor de no er i verda. Det er difor vi er her, det er difor vi er kammerpoetar! Vi har alt hatt fleire prosjekt der vi har kombinert musikk og poesi, og sjølv om å samla oss er som å bera staur, har vi som mål å få til nokre poesikonsertar i året. Så langt har det gått over forventing, og nye spanande prosjekt står i kø. Kanskje ser vi nett deg på eitt av dei neste arrangementa våre?

Vi lever. Vi er. Poetar.


Liv Reidun