Knut Olav (1 of 1)Knut Olav Daasvatn (f. 69). Eg skreiv mitt første dikt hausten 2007. Sidan har det vorte mange fleire. At det var dikt som skulle springe ut av skrivetrongen, var ei stor men gledeleg, overrasking. Eg er utdanna biokjemikar, men har sidan 1998 arbeidd i ulike administrative stillinger ved Universitetet i Bergen, og er no tilsett ved Institutt for biovitenskap. Eg er gift, og har ein son.

— Ofte snakkar eg nærast diktet fram, høyrer det inne i meg medan eg skriv. Då vert det gjerne litt lengre tekstar. Det fine med å skrive slik er at det gjev ei kjensle av flyt og samanheng. Så har eg ei litt barokk side som òg får slippe til då, med snirklar og sidesprang. Men eg har òg ein trong til å finne fram til slåande språkbilete, leite etter akkurat den forma som uttrykkjer ein idé så klårt som mogeleg. Då vert det ofte korte dikt, og mange gonger tek dei lengre tid å skrive.

30. april i år kjem Knut Olav ut med diktboka Hòlene ved Montignac på Amlethus forlag.  Titteldiktet kan du lese under her.  Dette er hans andre bok, etter Alle sorger, alle gleder, eit samarbeidsprosjekt med bror og fotograf Geir Daasvatn som kom  i 2020.

Hòlene ved Montignac

Sacre-Coeur lysar mot desemberhimmelen
det er kaldt å sitje ute, eg legg eit pledd over beina
bit tennene saman og held ut
to sukker, litt melk – det er Paul som serverar

eg er ikkje vanskeleg å finne – ikkje som inngangen
til hòlene ved Montignac, men du kjende løyndomen
eg ber Lascaux med meg, Beatrice
ventar på vintersolkverv, ventar på solefall

om himmelen er klår – det skjer litt sjeldnare no
kan det hende ei handfull strålar frå to auge
fell inn gjennom opninga og vekkjer
den store oksehallen til liv

då vil hjortane og hestane galoppere, og oksane
stampe med klauvane mot hòletaket så hendene mine
vert dekte av et fint lag med støv

Illustrasjon: Beata Anna Bitkowska