Menneske, musikk, poesi

INNSIDA

Innanfrå kvelven står greinene skrivne,
ein tekst som framleis har lauv. Eg pustar:

at så djupe fargar tek så lite tid. Kva no,
spør stega mot asfalt og vending.

For endringa kjem, kvelden har klede og hud,
og natta har ukjende hender. Eit lite puff

så himmelen tinar, så iskrystallar av røynd
kan gneistre av alt som dreier.

Øyvind Rangøy

1 kommentar

  1. Anne Karin Erich

    Så syngende og rørende.

© 2024 Kammerpoetane

Tema av Anders NorénOpp ↑