Vi har ikkje vore så flinke med vekas dikt i det siste. Men denne veka har vi ein kammerpoet som debuterer med diktsamlinga

Om hvor langt det er til Ullern  (Tiden forlag)

Gratulerer, Cecilie Cottis Østreng!

Det er ein merkedag for oss som er kammerpoetar! Og denne boka har vi tru på vil gjere noko med mange som les poesi. Og fell ho i hendene på folk som ikkje les poesi til vanleg, så kan også gode ting skje!

Nestemann som står på trappane med diktsamling frå oss er gode Kjell Ivar Sandvik med boka Dype fall, snublende forstand. (Kvalshaug forlag)

Den er snart klar for å bli kjøpt, og lesen i filler. Også den vil vera eit vesentleg bidrag til norsk samtidspoesi i 2014. Og viss du vil lese meir om prosessen fram mot den boka, kan du gå inn på bloggen vår her og sjå kva Kjell Ivar Sandvik skreiv her om dagen.

Og når eg driv på og trekkjer fram folk me kammerpoetar er stolte av, så får eg vel lov til å nemna at Helge Torvund, diktlæraren vår, og ein god inspirator og støtte for oss som har vårt utspring i Dagbladets diktkammer, også kjem ut med ei diktsamling denne veka.  Skal me leggja ein  vedstabel saman

Også dét på Kvalshaug forlag. Og vi er glad for at forleggjar Kvalshaug har forstått at poesi er eit satsingsområde.

Det er slike dagar eg er ekstra glad for å vera kammerpoet. Og kammermusikken kjem den også, berre vent og høyr!