Kilden2

Stad: Kilden Teater- og Konserthus, Kristiansand – intimsalen

Tid: Lørdag 7. november kl 18

Medverkande: Oddbjørn Aardalen, Kjell Ivar Sandvik, Simen Kjærsdalen, Knut Olav Daasvatn, Hilde Susan Jægtnes, Cecilie Cottis Østreng, Ole Horvli og Liv Reidun Hansen

Billettar: kr 150 – kan kjøpast i døra eller via web frå Kilden si heimeside

Program

Vi er svært glade for å kunne invitere til poesikonsert i Kilden Teater- og Konserthus 7. november!  Fem av poetane les eigne dikt.  Vi er ekstra glade for at Kjell Ivar Sandvik kan presentere dikt frå si rykande ferske diktsamling Ingen av oss er borte, Vigmostad & Bjørke 2015 som lanserast 14. oktober!  Også Cecilie Østreng har kome med bok dette året, Mingvasevann, Tiden forlag 2015. Mykje god poetisk ferskvare, med andre ord.  Ei oversikt over desse og dei andre utgjevingane til dei medverkande og resten av Kammerpoetane finn du under menypunktet Utgjevingar.

Det musikalske programmet delast mellom Liv Reidun Hansen og Simen Kjærsdalen.  Liv Reidun sin første CD, Elvemuslingen, vert slept 16. oktober og Liv Reidun vil syngje eigne songar akkompagnert av Knut Olav Daasvatn på gitar.  Simen Kjærsdalen vil spele melodiøs, var og tidlaus musikk av eigen produksjon på mandola.

Arrangementet har også ei Facebookside.