Så er det ein realitet. Gode Liv Reidun har ferdigstilt debutplata si Elvemuslingen i samarbeid med dei glimrande musikerane Halvor Lillesund (piano og trekkspel), Torbjørn Økland (trompet og strengeinstrument) og Vegard Fossum (perkusjon). Medverkande på plate er også felespelar Nils Økland, bassist Paul Inge Vikingstad og vokalist Jan Ingvar Toft.
16. oktober er det klart for plateslepp på i Haugesund under Kulturnatt. Staden er Festiviteten
Om musikken seier Liv Reidun sjølv – Med røter i folkemusikken, spring låtane mellom såre songar og lettbeint visepop.
Dei av oss som har fått forhåndslytte til delar av plata kan skrive under på dette, og dessutan leggje til for eiga reikning at musikken er variert, at melodiane er fengande, at arrangementa er lekre og ikkje minst berast musikken av sterke tekstar.
Les meir om platesleppet på Facebook-sida til arrangementet
Se intervju om platesleppet på Haugesunds Avis TV.