Menneske, musikk, poesi

Kategori: Blogg (Side 8 av 11)

Trøyst

Når to tre elskar,
er eg der.
Tenk å kunne elske så stilt,
seier eg.  Det kan du også,
seier dei.  Men eg kan ikkje det,
og eg veit dei seier det
berre for å trøyste.

Når frø fell,
er eg der.
Tenk å kunne falle så stilt,
tenkjer eg. Det kan du også,
seier dei. Men eg kan ikkje det,
og eg veit dei seier det
berre for å trøyste.

Når kista mi blir senka i jorda,
vil eit krokut furutre bøyge seg
mot Kari, kviskre:
Han døydde like stilt og fredeleg
som han levde.

Oddbjørn Aardalen

På sørsida

 

Det er ikkje tårer som renn frå oldingeaugene mine
men harpiks frå barndomens for lengst kasta greiner

Eg har klatra høgt for å finne inngangen til utgangen
Lat meg berre sitje her ein augneblink

medan vindane samlast for å rive laus dei siste barnålene
Maurane vil ta hand om dei, samle dei på sørsida

Kan du høyre dei kravle, opphissa av den søte lukta
av smeltande iskrem?

 

                           Knut Olav Daasvatn

Vög

 

 

Du vever ljos
vi klatrar

ei lang hand faldar seg
rundt livet mitt

han har skjegg, denne her óg
eg bed deg

ikkje meir død no
men år for år

vera fingre i grånande hår
bruer under bringa

vög ved vög
i vind

 

Liv Reidun Henriksen Hansen

 

 

« Eldre innlegg Nyere innlegg »

© 2024 Kammerpoetane

Tema av Anders NorénOpp ↑