Når to tre elskar,
er eg der.
Tenk å kunne elske så stilt,
seier eg.  Det kan du også,
seier dei.  Men eg kan ikkje det,
og eg veit dei seier det
berre for å trøyste.

Når frø fell,
er eg der.
Tenk å kunne falle så stilt,
tenkjer eg. Det kan du også,
seier dei. Men eg kan ikkje det,
og eg veit dei seier det
berre for å trøyste.

Når kista mi blir senka i jorda,
vil eit krokut furutre bøyge seg
mot Kari, kviskre:
Han døydde like stilt og fredeleg
som han levde.

Oddbjørn Aardalen