Menneske, musikk, poesi

På sørsida

 

Det er ikkje tårer som renn frå oldingeaugene mine
men harpiks frå barndomens for lengst kasta greiner

Eg har klatra høgt for å finne inngangen til utgangen
Lat meg berre sitje her ein augneblink

medan vindane samlast for å rive laus dei siste barnålene
Maurane vil ta hand om dei, samle dei på sørsida

Kan du høyre dei kravle, opphissa av den søte lukta
av smeltande iskrem?

 

                           Knut Olav Daasvatn

1 kommentar

  1. oddbjørn aardalen

    Naturdikt som dette skriv seg inn i sinnet lik vinden som speglast i haustklårt vatn. Du verda så sterkt og fint!

© 2024 Kammerpoetane

Tema av Anders NorénOpp ↑