Vi som held til på denne sida, er ei samling poetar frå ulike stader i landet. På eitt eller anna tidspunkt fann vi kvarandre på Dagbladets diktkammer, eit forum for poesi og dialog mellom oss poetar.

Vi har ulike stemmer, lever ulike liv, men alle deler vi gleda over ord. Ord kan røra, skape nye tankar, bera oss framover. Mange menneske opplever at poesi er med på å knyta ein fast til det viktige livet. Anten det er barnelatter eller brådjup sorg, svik eller lengt. Poesi rommar mykje, og vi poetar er heldige menneske. Heldige av di vi ser det store i det små. Vi grip augneblinken, foredlar, prøver å skapa noko som kan gje gjenklang i andre. Og i dialogen mellom oss, når vi poetar møtes over eit dikt eller fleire, veks nye landskap fram, og vi vert alle rikare. Litt rausare kan hende, litt klokare. Og innimellom skriver vi tull og vas, eller trekkjer fram ein melodi, og speler slikt som kjem frå djupnene i oss.

Ein kunstnarleg prosess har sine ulike fasar. Det er ei tid for å gøyme seg bort med orda sine, ei tid for å syne dei til sine næraste venner, og det er ei tid for å gå ut i verda med dei. Det er slik vi blømer. Vi som held til her er alle komne til den fasa der vi ønskjer oss ut i verda, å nå fram til andre. Å nå fram gjennom ei nettside kan vera fint, men endå betre er det å møte dykk ute, kor de no er i verda. Poesi kan verka sterkt på papiret, men oftast endå sterkare når det kjem ei levande stemme bak. Vi har alt hatt eit par prosjekt der vi har kombinert musikk og poesi, og sjølv om å samla oss er som å bera staur, har vi som mål å få til nokre poesikonsertar i året. I februar 2013 las og spela vi til meditasjon i Nykirken i Bergen. I påska var vi på Averøya i Møre og Romsdal, ei hending som vart omtala av NRK. Til hausten skal vi til Vennesla. I tillegg heng nokre fine prosjekt under taket her i diktarburet vårt og godgjer seg for 2014. Det er berre å følgja med!

Vi lever. Vi er. Poetar.