Er ikkje det ein stad ein kan kjenna at ein høyrer til, at ein får vera akseptert nett slik ein er? Dette reisverket som skal gje rammer for å utvikla seg, læra, somme tider trø feil.

Slik er det også for oss kammerpoetar. Vi er undervegs. Nokre av oss har skrive frå vi var førskuleungar, andre tok opp poesipennen etter femtiårskrisa som aldri kom. Alle fann vi Dagbladets diktkammer. Der har vi opplevd å utvikla oss som poetar, vi lærer, vi feiler, vi ler av oss sjølv og kvarandre. Vi deler ord og veks oss sterkare.

På Diktkammeret har vi blitt ein del av noko verdifullt.

Som ungdom flest kjem det ei tid der ein opplever at ein har mognast såpass mykje, at ein også ønskjer si eiga hytte, for fellesskap og nærleik med likesinna. Ein slik hemmeleg klubb i ei trehytte, møysommeleg spikra saman med sjutoms og lånte plankebitar. Eit rutete kjøkenhandkle til gardin, nokre engsoleier i eit mjølkeglas. Mjuke sjokoladekakebitar, dela ei flaske brus. Sitja på putene og flire litt medan orda brenn mellom oss.

Kammerpoetane.com har vi bygd for å ha ein slik god hytte å springa ut frå. Her høyrer vi til.

Samtidig ønskjer vi å sei noko til deg som les om at kammerpoetane er meir enn rein poesi, vi deltek også med orda og musikken vår i andre rom, andre hytter, eller katedralar for den saks skuld.

Velkomen til oss!