presentasjonsbilde

Tid: 13. juni 2015, kl. 19

Stad: Hansgarden Kornstad, Averøya

Medverkande: Øyvind Rangøy, Kjell Ivar Sandvik, Liv Reidun Hansen, Simen Kjærsdalen og Knut Olav Daasvatn

Vertskap: Merete Bratsberg Aae

Billett: 150,- kjøpast i døra

13. juni samlast vi på vakre Hansgarden Kornstad på Averøya for å halde poesikonsert der.  Det er tredje gongen vi held konsert på Averøya, og det var også her nokre av oss samlast for den første felles konserten i den gruppa som seinare skulle bli til Kammerpoetane.  Det er andre gongen vi vitjar Hansgarden, vi vonar det kan vere starten på ein tradisjon!  Dei vakre omgjevnadane og det varme vertskapet gjer Hansgarden til den ideelle ramma kring ein poesikonsert, og vi ser med stor glede fram mot den 13. juni.

Programmet trur vi skal verte både variert og fint.  Øyvind Rangøy, Kjell Ivar Sandvik (med førpremiere på dikt som kjem i ny samling på Vigmostad & Bjørke forlag til hausten), Liv Reidun Hansen og Knut Olav Daasvatn les eigne tekstar.    Liv Reidun Hansen (som nyleg fekk æra av å opne Vise og Lyrikkfestivalen i Haugesund saman med sitt eminente band) vil syngje eigne songar akkompagnert av Knut Olav Daasvatn på gitar, og også spele eigne pianokomposisjonar.  Simen Kjærsdalen vil spele eigenkomponerte stykke på mandola og/eller mandolin.

Følg arrangementet på facebook:
https://www.facebook.com/events/1646679895550041/

Omtale av arrangementet på origo.no:
http://origo.no/-/event/show/602300_kammerpoetane-i-liv-og-draum-poesikonsert/8153590?ref=checkpoint

Hansgarden Kornstad:
https://www.facebook.com/hansgardenkornstad/info?tab=page_info 

http://www.hansgardenkornstad.com/