Ein klisjé.

Det starta slik. No for tida har eg det bra, og det skreiv eg eit slags dikt om i går. Det skulle berre mangla, trass alt er det poet eg er. Sjuk sådan. Difor i stand til å bruke tid på meir eller mindre lydmalande ordbilete.

Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.

Allereie då eg skreiv, visste eg at diktet var på kanten av det patetiske. Eg hadde ein grunntanke som eg framleis tykkjer var god, men klarte eg å visa det? Tja.

Eg gjorde som eg alltid brukar. La diktet mitt ut på Diktkammeret, og etter eit par timer fekk eg ein flott kommentar frå ei av dei gode kvinnene der inne. Ho har sjølv talent, og var i kommentaren inne på tanken på at det var ei strofe med litt klissete karakter.

Eg hadde ikkje oppdaga det, men ein eller annan som eg ikkje kjenner, fekk blod på tann, og hevda at berre førstelinja var verdt å ta vare på, at resten var klisjè på smør på flesk på smør. Ikkje rakk eg å svara på den kommentaren, før den eine riddaren etter den andre stod opp og kommenterte diktet mitt. Nokon meir saklege enn andre. Andre hevda at diktet berre var vakkert. Dei om dét.

neineinei (1 of 1)Når alt kjem til alt, var ikkje dette diktet blant mine hundre beste eller der omkring. Heilt klart blant mine verste hundre. Eg har sett på det att i dag, og flirer litt av meg sjølv.  Eg toler godt at det er litt slikt dvaskt og elskeleg. Trass alt handlar det om ein kjærleik som finns, og inni det har eg dessutan putta ein del løgn og fanteri.  Men nokon stor poesi vert det aldri.  Om eg skjems av det? Hm, tja, jau – men eg gler meg over det som inspirerte meg til å skriva, for det er godt stoff.

Nett dette diktet er det frykteleg mange som har lese. Skulle nok helst ha sett at dei heller hadde lese eit av dei beste dikta mine. Men eg får vera glad for å ha bidratt til ein viktig debatt i forhold til korleis ein kan bli gode kritikarar, og betre poetar.

Kva er det eg vil fram til med å blogga om dette?  Ikkje meir sympati i hvertfall.

Eg vaks opp i ein god heim, men det var kritikk vi fekk. Svært sjeldan ros. Og ja, eg sakna det ofte, og følte meg usikker på min verdi.  Det var sårt.  Spesielt i ungdomsalderen, der eg aldri var trygg på om eg var noko verdt i det heile.

Sjølv er eg mykje flinkare til å rosa borna mine enn mor mi var. Ho vaks opp under krigen, blei evakuert frå eit  brennande Finnmark. Dei budde i Trondenesleieren i etterkrigstida,  og allereie i -48 døydde mor hennar. Då var mamma 19 og yngstebroren berre fem. Gjett om ho fekk ansvar? Trur du ho fekk skryt ?  Nei! Ho måtte berre ta sin del. Noko av det ho fortalde meg, som ho opplevde som stort, var den gongen ho var rakarjente ein sommar, og far hennar fekk ei ekstra tønne sild og ei ekstra tønne mjøl fordi mamma hadde gjort ein slik god innsats.

Eg jobbar i barne – og ungdomspsykiatrien. Der har ros og belønning stor plass. Dette ser ut til å redusera atferdsvanskar blant dei villaste av oss.  Og ja, eg trur det har noko  for seg. Dei fleste av oss har ikkje særleg godt av kjeft og stadig negative tilbakemeldingar. Men korleis skal det gå med den generasjonen som no veks til, dersom dei forventer glansbilete for alt dei bidreg med? Dette som både mor mi og eg måtte hjelpa til med som barn. Berre fordi vi var ein del av ein familie. Berre fordi vi var i stand til det. Ikkje for at vi skulle få noko igjen, anna enn vissa om at vi hadde bidratt til familiens beste.

Slikt handlar om fellesskap, og å bera kvarandre framover. Og når det gjeld kritikken frå i går, har eg gjeve min tilslutning til kritikaren. Det finns ikkje verre enn dei som  gjer alt om til fryd og solskinn, og ikkje vil vedkjenna seg at kjærleiken er kompleks, med djupe famner og svarte holer ein kan ramla ned i.

Eg vil vera ekte, heil, og eg ønskjer å bli ein betre poet. Kanskje like godt at eg ikkje skriv dikt i dag. Eg har laga eit musikkstykke i staden. Det er langt, sikkert elendigt – for også det er inspirert av livet sjølv og av kjærleik. Denne forbaska kjærleiken som det er moro å oppleve, godt å vera ein del av, når det kjem til stykket.

Og det gjer det, alltid.  Det finns alltid eit stykke kjærleik som ventar. Og eit dikt som kan bli mykje betre enn det eg skreiv i går.

 

Liv Reidun H Hansen