Menneske, musikk, poesi

Tryms hund

Vi har ikkje store tre.
Vi har ikkje verdskjente skaldar.
Jentene våre dreg når dei er giftelystne.
Likevel har eg slått meg til ro.
Eg har kvilepuls under femti.
Eg har gamle klede og gamle vener.
Når eg møter gamalkjæraster etter førti år,
er det dei som kjenner meg att.
Men det er redsla for tronge rom.
Det er andletet til Gud.
Det er lengten som ligg open omkring meg;
som held fram med å kome inn i dette romet
trass i alt strevet mitt.

Mest av alt er det sorga over hunden
som døydde for ni år sidan.
Han lærte berre å vere gjennomsnittleg,
men når eg sørgjer,
er tankane kledde i svart,
og i morgonar av melankoli
sit støvet ved senga og gjev labb.

 

Oddbjørn Aardalen

 

 

2 kommentarer

  1. Liv Reidun

    Dette diktet er djupt, inderleg og vemodsfyld.
    Det handlar om ein hund, kan kanskje vel så mykje om å erkjenna kven dikt-eget er.

    Slutten, med dette støvet gjer meg underleg trist, men noko lett og mjukt legg seg også ned hos denne lesaren. For det eg sit igjen med er også noko om kjærleiken mellom ein poet med kvilepuls på under femti, og ein hund som var nett passe klok til å gjera dikt-eget klokare.

    Nydeleg dikt – eit slik eg ber med meg ut i dagane mine.

  2. oddbjørn aardalen

    Takk, Liv Reidun, for gode ord, som eg tek med meg inn i den lyse juninatta, etter å ha kome heim frå ein flott fottur på austsida av Nesvatn i Fyresdal. Fem timar i nydeleg sommarver (opp i 900 moh) saman med son, svigerson og svigerfar til dotter mi, samt elghunden Ashia. Godt å kjenne at aldrande føter framleis fungerer godt!

© 2024 Kammerpoetane

Tema av Anders NorénOpp ↑