Menneske, musikk, poesi

Fyrste vengjeslag

Det er strengt teke slik det er somme tider. Eg opnar kjeften for mykje, eller skriv for hardt til folk eg ikkje kjenner. Gjerne om kor god eg er, kor flink og kompetent eg er.

Og så sit eg der, med skjegget i postkassa. Eg har lura meg sjølv nok ein gong og vorten ansvarleg.

Vi er kammerpoetane, og det gjer meg glad. Eg kjenner meg litt som gullfisken i nettet på søndagsskulens søttital.
Sjølv gjekk eg i søndagsskulen fram til eg vart fjorten. Då gjekk eg over til å vera hjelpelærar. Størst suksess gjorde eg den gongen eg kom dalande inn av eit dovindauge ikledd ein sid rosa nattkjole og den rosa neglisjeen eg hadde kjøpt på loppemarknad for to kroner.

Ein engel- det var det eg skulle forestilla. Det var slik eg kjende meg.
Det har gått nokre år etter det. Ti år til i mitt liv har eg tilbragt med flittige ablegøyer og nåderike forteljingar mellom ungar som vaks til, og dei som aldri vert vaksne.

Men no er eg her. Avdanka søndagsskulelærar, men pålogga kammerpoet.
Ansvarleg som fy. Eg fiksar bilete etter bilete, og har knapt nok tid for å skriva dikt lengre.

Forresten har eg ikkje skjegg. Og godt er det. Då må det vera min første medadministrator som har dette skjegget i ei eller anna kasse.
Fint skjegg forresten!

Og, viss du no tenkjer at dette eg har skrive ikkje har nokon ting med blogging å gjera, kan det hende du har rett. Trass alt har eg ikkje peiling på slikt. Trur eg.

Dette med engelen, forresten. Dersom du ser poeten med skjegget i postkassa, kan du gjerne spørja han om han kjenner nokon englar.

Sannsynlegvis svarar han ja, for poetar er gode på å gje oss dei svara vi treng.
Vi er i grunnen gode til det meste, spør du meg.

Liv Reidun H Hansen

1 kommentar

  1. oddbjørn aardalen

    Desse prosalyriske stykkene til Liv Reidun er balsam for sinnet. Faren er at ein blir avhengig (faren, nei gleda!). Eg nøyer meg med å seie: Meir!

© 2024 Kammerpoetane

Tema av Anders NorénOpp ↑