Det er eit av desse spørsmåla som somme tider ramlar ned i nevane på ein kammerpoet ein dag i mai.

Redd for kva? Redd for kva ord kan gjera med oss menneske? Redd for korleis ord kan endra livet ditt, til noko verre eller til noko betre? Det er skummelt å sei noko om kva ein vil her i verda. Våga å setja ord på leik og lengt. Våga å ha ei tru, med svarte render under neglane. Våga å ropa himmelhøgt og mumla når dagane går i bakken.

Somme tider er det ikkje vits å vera redd, men sei i frå må ein likevel. Det hender eg ventar litt lenge med slikt.

Her om dagen blei eg valdsamt sjuk. Redd var eg ikkje, sjølv om ungane mine gjekk og mumla i krokane om at no kom også mor deira til å døy. Sidan dei var redde, tok eg til slutt telefonen i hende og ringde ein eller annan doktor. Vips låg eg i sjukesenga.

Neste morgon, då eg vakna. Var eg redd då? Eigentleg ikkje. Eg åt ein god frukost og drakk eit glas eplejuice. Flira over utsletta som starta på tærne og spredde seg i valdsam fart over kroppen min. Då det byrja å klø i halsen trakk eg i denne ringesnora som alle sjukehuspasientar kan gle seg over. Etter ei tid som kjendes kort, kom ein ung overlege og ei erfaren sjukepleiar raslande. Visittid.  Eg fekk meg til å sei i frå om at eg nok kjende meg litt uggen og klam i pusten.

Då prikkane kom for fullt i andletet mitt, kunne eg sikkert ha spurd legen om ho var redd. Berre bittelitt kanskje, men ho såg sånn ut. Men dei magiske orda kunne ho. Adrenalin. Og brått var livet mitt mykje betre, etter denne vonde sprøyta i låret mitt. Eg ser  ikkje bort frå at desse to og dei to andre legane som kom til like etterpå  redda livet mitt.

Eg rakk aldri å bli redd. Det var tid for ei lita bøn til Gud.

Dei andre svært praktiske tankane mine i ei slik stund var at visst eg døydde då, ville han som var oppført som næraste pårørande ikkje vore så lett å få tak i. Mannen min døydde etter ei bilulukke for fjortan månadar sidan.

Den andre tanken eg rakk var at dersom eg hadde døydd, ville eg at han eg nyleg traff også skulle reknast med som ein av mine. Sjølv om eg då hadde vore død.

Poenget er: At det hjelper oss sjeldan å vera redde. Livet finns. Døden finns. Kjærleiken finns. Orda vi deler kan såre, styrke, forløyse. Eg er ikkje redd for å elska, eg er ikkje redd for å mista, eg er ikkje redd for å leva.

Og joda. Somme tider sniker det seg inn ein liten redsel hos meg. Og veit du kva, det er også all right.

Å vera redd er ein del av det å vera menneske. I det ein kjenner angsten i kroppen, kan ein læra noko viktig om seg sjølv og eigne reaksjonar.  Ein kan rett og slett bli litt rikare!

Kroppen har også noko den vil sei deg i dag. Om å vera redd, kan hende. Om å våga å leva dei orda ein ønskjer.

Og forresten, godt at ungane mine var redde for meg. Slik at eg tok den telefonen. Sa dei orda. Fekk den hjelpa eg trong, slik at eg kan liggja her på sofaen, og nok ein gong smøra svartkvite bokstavar utover internett. Berre fordi eg vågar. Berre fordi eg lever.

 

Liv Reidun H Hansen