Kammerpoetane

Menneske, musikk, poesi

Side 5 av 15

Kammerpoetane i liv og draum – Hansgarden Kornstad, Averøya

presentasjonsbilde

Tid: 13. juni 2015, kl. 19

Stad: Hansgarden Kornstad, Averøya

Medverkande: Øyvind Rangøy, Kjell Ivar Sandvik, Liv Reidun Hansen, Simen Kjærsdalen og Knut Olav Daasvatn

Vertskap: Merete Bratsberg Aae

Billett: 150,- kjøpast i døra

13. juni samlast vi på vakre Hansgarden Kornstad på Averøya for å halde poesikonsert der.  Det er tredje gongen vi held konsert på Averøya, og det var også her nokre av oss samlast for den første felles konserten i den gruppa som seinare skulle bli til Kammerpoetane.  Det er andre gongen vi vitjar Hansgarden, vi vonar det kan vere starten på ein tradisjon!  Dei vakre omgjevnadane og det varme vertskapet gjer Hansgarden til den ideelle ramma kring ein poesikonsert, og vi ser med stor glede fram mot den 13. juni.

Programmet trur vi skal verte både variert og fint.  Øyvind Rangøy, Kjell Ivar Sandvik (med førpremiere på dikt som kjem i ny samling på Vigmostad & Bjørke forlag til hausten), Liv Reidun Hansen og Knut Olav Daasvatn les eigne tekstar.    Liv Reidun Hansen (som nyleg fekk æra av å opne Vise og Lyrikkfestivalen i Haugesund saman med sitt eminente band) vil syngje eigne songar akkompagnert av Knut Olav Daasvatn på gitar, og også spele eigne pianokomposisjonar.  Simen Kjærsdalen vil spele eigenkomponerte stykke på mandola og/eller mandolin.

Følg arrangementet på facebook:
https://www.facebook.com/events/1646679895550041/

Omtale av arrangementet på origo.no:
http://origo.no/-/event/show/602300_kammerpoetane-i-liv-og-draum-poesikonsert/8153590?ref=checkpoint

Hansgarden Kornstad:
https://www.facebook.com/hansgardenkornstad/info?tab=page_info 

http://www.hansgardenkornstad.com/

 

Liv Reidun opnar Vise og lyrikkfestivalen!

 

Liv Reidun Hansen

Liv Reidun Hansen

22. mai kl. 19.20 går Liv Reidun på scena på Høvleriet i Haugesund som første artisten ut på årets Vise og lyrikkfestival!

Med seg på scena har ho dei glimrande musikerane Torbjørn Økland og Halvor Lillesund.  Fram mot konserten har Liv Reidun jobba med plateinnspeling saman med desse to, og med gjestebidrag frå Nils Økland, Jan Ingvar Toft og Paul Inge Vikingstad.  For oss som har sniklytta til nokre av låtane frå den komande plata står det klart at både plata og kveldens konsert vert av høg kvalitet med gode melodiar og sterke tekstar formidla av bunnsolide musikerar.  At namn som Jo Nesbø, Ruth Lillegraven, Siri Nilsen m.fleir må finne seg i å stille bak Liv Reidun i køen i kveld, verkar berre naturleg!

Programomtale av konserten

Både konserten og den komande plata har blitt lagt merke til av media:

Haugesunds_Avis_fakismile

Haugesunds_Avis_fakismile

 

Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.

 

 

Verdens poesidag med Cecilie og Hilde Susan

OPS! Oslo Poesisentrum - Verdens poesidag _ Deichmanske bibliotek

 

I forbindelse med Verdens Poesidag 21. mars (innstiftet etter et UNESCO initiativ fra 1999), slo Deichmanske Hovedbiblioteket og Oslo Poesisentrum (OPS!) til med en storstilt feiring av dagen i Deichmanske hovedbibliotek.  På plakaten denne lørdagskvelden som en del av et meget sterkt lag av opplesere, sto både Cecilie Østreng og Hilde Susan Jægtnes. Responsen fra et stort og interessert publikum var etter rapportene upåklagelig.  

Som et apropos må det også sies at det var svært tilfredsstillende å lese Aftenpostens 10 tips for helgen om hvilke kulturaktiviteter det var verdt å få med seg i Oslo denne helgen

Hilde_Susan_Verdens_poesidag

Hilde Susan leser på Deichmanske på Verdens poesidag

cecilie_verdens_poesidag

Cecilies hjemmeside finner du noen flere stemningsbilder fra arrangementet.

Dansar med stemmer – poesikonsert på Litteraturhuset i Bergen

 

Kammerpoetane_Litteraturhuset

Vel blåst! Foto: Ceclilie Østreng

Stad: Litteraturhuset i Bergen, Olav H. Hauge-salen

Tid: Torsdag 26. mars kl. 20

 

forsideforslag08

 

26. mars byr vi Bergenhus entusiastkor opp til musikalsk-poetisk vals.  Kammerpoetane les eigen poesi og byr på eigenkomponert strengemusikk ved Simen Kjærsdalen. Bergenhus entusiastkor syng kormusikk basert på eller inspirert av poesi mellom anna med tekstar av Jacques Prevert.

 

Medverkande

Musikk: Bergenhus entusiastkor m/dirigent Tiri Bergesen-Schei, Simen Kjærsdalen

Poesi: Cecilie C. Østreng, Knut Olav Daasvatn og Hilde Susan Jægtnes

 

Billettar (150 kr) kan kjøpast frå Litteraturhuset si arrangementsside eller i døra

 

Prgram_Bergen_26Mar_2015

 

BEK_Fensal_Ingeborg

Bergenhus entusiastkor. Foto: Ingeborg Kristvik

 

Følg arrangementet på Facebook

 

LitthusBergen

« Eldre innlegg Nyere innlegg »

© 2024 Kammerpoetane

Tema av Anders NorénOpp ↑